Kakekunst

Eg høyrde ein kveld rykte om at det skulle lagast ei kake på ein meter, og slikt må ein sjølvsagt inspisere :-) Det viste seg å vere ei slags bursdagskake, for ”Prøverommet” ved Teatergarasjen, som fylte 10 år. Artig prosjekt!

Til alt overmål fekk den selskap av mykje kjekk installasjonskunst, drama og ein absolutt fantastisk mini-konsert. Studvest var visst óg til stades, og har snikfotografert meg i nærkontakt med eit av kunstverka. Eg er ho med handa…

*

Ein idé til bursdagen? (Smakte omtrent som summen av alle e-stoff opphøgd i n’te potens)

Elle melle

Med alt det fine véret går det reint inflasjon kjekke ting for tida. Is, grilling, soling, bading, padling, klatring, sløving, tulling,  og ditto mengde mat og folk - det er mest så ein ikkje rekk over alt. Den fyrste våren utan eksamenspress har rett og slett opna for litt vel mange valmoglegheiter, og eg må stadig vekk minne meg sjølv på at det faktisk ikkje er ferie (enno). Fortsatt står det att store mengder beinhard livsnyting, for ikkje å snakke om slikt som gir lønn. Og i dag har det oppstått endå ei kjekk liste… så får ein berre håpe døgnet får fleire timar!

  • Nattjazz kvar kveld frå 21.-31.mai! Sjekk programmet.
  • “Brand” av Ibsen på DNS 22.-26.mai, regissert av Calixto Bieito.
  • Fredag 23. mai kan ein høyre festspeldiktar Ragnar Hovland, fyrst om “Sveve over vatna” på Nordli kl.17.30, deretter saman med eventyraren Bjørn Gabrielsen og Odd Nordstoga på Ricks kl. 20 (”Hovland tilstår at han har levd”). Noko seinare les Frode Grytten utdrag på Logen, samstundes med at eit utal konsertar går av stabelen rundt omkring i byen. Her blir det nok beinhard prioritering…
  • 25.mai (kl.13 og 15) er det folketonekonsert på Valestrand med dei fabelaktige damene Berit Opheim, Monika Kolskår, Åsne Nordli & Benedicte Maurseth.
  • 31. mai spelar Stian Carstensen m.fl. bulgarsk folkemusikk, country og jazz på Logen, medan Beady Belle, Katzenjammer og fleire andre spanande band spelar på Verftet.  

Ja, og så er det visst 17. mai om ikkje lenge :-)

*

Blå ballong

*

 *

Med utsikt til innsikt

  Topp 5 ein onsdag i mai:

  • Kvile i skogen
  • Fiskemiddag på stormkjøkken
  • Jordbær dyppa i smelta mjølkesjokolade (!)
  • Grubling over livet
  • Med kvast i håret, sot i panna, lett impregnert med mat og barnåler, å vandre tilbake til dusj og seng, og gode draumar - om dagar som kjem :-)

  Continue reading ‘Med utsikt til innsikt’

*

*

*

Sett slikt

På mi ferd via klatresko og uv-filter, virra eg tilfeldigvis innom ein optikar. Og kva skjer? Brått har eg fått eit nærsynt auge, eg som alltid har vore særs langsynt. Og ja, det er berre eitt av auga - det andre ser fortsatt godt på avstand. Ikkje nok med at det kjennest litt rart å vere BÅDE nær- og langsynt på ein gong (!), men eg kjenner det rokkar ved heile min identitet. EG, nærsynt? 

Eg som var så langsynt, at eg ein gong i halvåret gjennom heile oppveksten fekk ein skuledag fri, for å køyre heis i sjukehuset, og gå rundt i ørska resten av dagen. Det stemmer liksom ikkje med minnet av meg sjølv, gnikkande på ei mini-fele med tjukke briller i rosa innfatning, berre overgått av ein bror med endå tjukkare glas. Det er difor ein viss risiko for at det vil ta litt tid før eg klarer å zoome meg ut av problemstillinga.

På den andre sida har eg no eit supersyn! (Evt super-dårleg syn)

*

Dropar

*

*

Der ja, der var dei igjen, dropane. Ein stad mellom indre og ytre landskap, ein dag i april. Endå godt ein har nokre sider att med Hermann Hesse, ein bunke uleste aviser, mykje kaffe, og rar-koslege program på NRK P2. Hittil har eg lært litt meir om Kina, mediemakt, det umedvitne sjeleliv (i jazzen), nye kurar mot testikkelkreft, og utagerande russefeiring.

Det igjen fekk meg til å minnast eit daudingehovud i varseltrekant, som ein gong kom på nyheitene i beste sendetid -  zooma inn og teken fullstendig ut av kontekst - som symbol på den forferdelege russefeiringa.

Designaren var sjølvsagt meg, og  konteksten ein ultra-jentete russebil med Munch-bilete i taket, filma medan vi øvde på å gå i tog med lokale skulebarn mellom Sunnmørsalpane. Og somme meiner det er irrelevant å diskutere mediemakt…?

*

Månelyst

*

*

Eg har ein mistanke om at eg ikkje har vore på denne staden for siste gong. Herleg!

*

Learning by falling

Eg likar å lære nye ting. Eg er ein kunnskaps-junkie om du vil, sjølv om alt går fort ut igjen. (Men då kan eg berre lære det på nytt ;-) ) Og i dag har eg lært:

  • svært mykje om tau
  • ein del om selar
  • litt om kjipe måtar å krepere på
  • og at den beste måten å førebu seg på det uunngåelege, er å kaste seg ut i det, og dette med vilje. Fallteknikk, det handlar om fallteknikk. Og ettersom dette er noko eg har god trening i frå andre felt, (nærast alle, når eg tenkjer meg om), fall det meg ikkje vanskeleg å hoppe i det.  

No er eg mørbanka, har sunge mange songar svært mange gongar, og innser at til og med kameraveska luktar bål. Måne og sol, mat og drikke, gode folk og fine ting. Eg må seie at det byrjar å kome seg her i bygda :- )

 

Blinkskot

*

                                A., frøkna og ein ukjend ung mann.

*

Om å vere - den ein er

“Er du den du er, eller den du prøver å vere?”  (R.H.)

Spørsmålet spratt fram i minnet etter eit nyleg møte med ei bok av Coelho, som eg rettnok har eit ambivalent forhold til, men likevel ser har nokre gode poeng. For når ER du? (Sitert frå ein tekst eg fekk gleda av å lese korrektur på. Eg får jo tårer i augene av alle som tolkar seg fram til ny eksistensiell erkjenning… den ungdomen :- ) Men digresjon til sides :

Eg likar spørsmålet, fordi det opnar for så mykje grubling. For: Om ein er den ein er - er det ei viss fare for å Continue reading ‘Om å vere - den ein er’

Utsikt

*

*

Ting å gle seg over, ein tysdag i april

  • Nytt kamera! Gler meg til å teste ut ALLE funksjonar dei neste dagane :-)
  • Sol, Fløyen, kaffe, vener, mat, sol, kaffe…
  • Olav Hauge og Geirr Tveitt- seminar i går, der eg og MLK var med på å drage ned snittalderen med eit par titals år. Festleg! No manglar eg snart berre angina og høyreapparat.
  • For ikkje å snakke om dagens desiderte favoritt av ei bisarr glad-melding: Ein broder som brått har oppdaga lyrikken, og bad om tips. Splitte mine bramseil, no er snart intet umogleg. (!)

Litle banet

*

    

                                    A., ein kjernekar!   

*

Om eg vart sjarmert? Det var ikkje måte på! Vi lo nesten om kapp, er like glade i mat, og synest begge det er artig å fikle med ting. Ein åndsfrende, rett og slett ;- ) Morsinstinktet fekk iallfall ein kraftig oppsving, eg kjenner at eg fort kunne blitt tussete med mange slike i nærleiken.

Bøøøø –TIT! :-)

*

Flower-power

*

*   

Ein må jo bli litt glad når ein ser slikt! Det skadar heller ikkje med sol, vårvarmt vér og venindetreff, ein onsdag i april.

*

Det er lett å bli avspora når dagen er fri og tankane har letta. Ironisk nok dukka desse orda opp, av Piet Hein. Så gjeld det berre å gruble seg fram til kva ein vil definere som stort, og som smått ; )

*

SMALL THINGS AND GREAT

He that lets

small things bind him

leaves the great

undone behind him

*

Next Page »